page view image

Brufest - 40 år med bru til Misje

Arrangementsinformasjon
event image

Før måtte èin øve sundet med båt for å nå fastlandet, men i 1982 fekk Misjefolket endelig bru. 

Dette må feiras! 

Sjøscenen legg til kai på nordrekaien om kvelden 27. august. Ombord blir det lokale underhaldningsinnslag, musikk og dans - vi skal innom eit variert repertoar med alt frå rock n’roll med ståbass til strilamusikk. 

Det blir salg av mat og drikke (inkludert alkoholhaldig drikke) ombord. 


Litt meir om bandet som skal spele opp til dans:

Twang Gang frå Voss er eit band som har kombinert countrymusikken med rockabilly, og framstår med eit countrybasert lydbilde, sjølv om hovudsounden er rockabilly. 
Gruppa vart skipa i 2000, etter at gitarist og vokalist Erlend Styve hadde levandegjort draumen han bar på i nesten 20 år – nemleg å danne rockabillyband. I alle år har besetninga vore den samme, der Styve har hatt med seg Jan Eirik Gullbrå på kontrabass og Bjørne Møen på trommer. Siste året har Twang Gang hatt eit samarbeid med Berit Håpoldøy. Ho er ein fantastisk countrysongar og låtskrivar frå Herdla, som er strøyma over ein million gonger på Spotify. Så her får de høyra klassikarar og originalmateriale i god blanding.
"brufest
"misje
"misjefest
"misjedagen

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter blir ikkje refundert.